Ka gjør Ingerid på trening?
Siden nyttår har eg fått ein stadig kjekkare hobby: styrketrening. Men ka er det liksom, og koffor er det så mye kjekkare enn alt anna. Koffor synst eg at det er kjekt, eg er jo ingen trimmar.
Barne- og ungdomsingerid var jo aldri interessert i fotball, håndball, friidrett eller noe (bortsett fra HESTAR då!!). Dei fleste som kjenner meg tenker nok ikkje "sporty", "atletisk" eller "veltrent". Eg er enno medlem av Natural born chillers, den eksklusive klubben der einaste tillatte fysiske utskeielsar på medlemsmøtene er bevegelsen som krevst for å løfta mat mot munnen. Ah, tider....
Ka er kjekt med trening som ikkje var kjekt før? Eg trur mestring. Det betyr ikkje at eg kan mye, er spesielt sterk eller talentfull til å løfta ting. Det betyr bare at når eg utfører ein øvelse, for eksempel benkpress, så har trua på å få det bra til. Å få det bra til ligg innanfor rekkevidde. Bra betyr ikkje nødvendigvis tungt, men god teknikk og utfordrande nok til at ein blir betre. Det er innanfor rekkevidde, eg kan se det der i det fjerne.
I dei fleste andre idrettar eller sportsting eg har prøvd meg på har eg sjeldan følt noen form for mestring, og aldri noe lys i tunellen. Bare nederlag og fiasko. Trur mye av det handlar om korleis eg har satt i gang med treninga. Kva for urealistiske mål eg har hatt. Og kossen eg ustanselig samanlikna meg med andre og hørt alt for mye på ka andre sa. Når gymlæraren seier "det her får alle til", og du verkeleg ikkje får det til, så er det mildt sagt fortvilande. Og du får ingen hjelp til å få det til, for detta får jo alle til så hvis du ikkje klarar er det fordi du er lat/feit/har vondt i viljen. Tviler ikkje på at eg var alle dei tinga og meir til...men mislykka er det ingen somlikar å kjenna seg. Så eg tok rollen som antisporty ganske tidlig i tenårene (ridning slo meg aldri som noen sport, så det var eg ganske hekta på til eg var ca 16).
Nok oppveksttraumer. Tilbake til den fantastiske notida.
Etter 4 månadar relativt dedikert og fokusert styrketrening har eg blitt sterkare, oppdaga noen nye musklar, og faktisk blitt ein god del slankare. Den siste er nok fordi eg har slutta å drikka så masse øl, og begynt å eta meir proteinrik mat pga treninga. For eg slanker meg ikkje, og det er heilt sant.
No kjem eg til det eg egentlig skulle skriva. På trening gjør eg sånne her ting:
Knebøy: du har vekt på skuldrene og bøyer ned i knærne som om du skal setta deg på huk, og reiser deg opp igjen. Er liksom kongeøvelsen det her, du bruker omtrent halvparten av alle musklane i kroppen og blir fullstendig kaka. Eg får denna ganske dårlig til fordi eg er så innigranskauen stram i hoftene eller foran på låra.
Beinpress: du ligg i 30grader ca, har beina på ei plata som du dytter vekk frå kroppen. Detta er ein (stusselig) erstatning for knebøy.
Benkpress: sånn standard som du har sett Arnold gjøra, bare at eg tar dei frå skrå benk, og kanskje med pittelitt mindre vekt
Haler og drar i kablar: du held ein kabel som er festa på kvar si side i kvar hånd, og så fører du armane sammen foran kroppen.
Dips eller kanskje dypp, der du løftar kroppen opp og ned fra ein benk. Du har hendene på kanten av benken og kroppen i "sittande" stilling foran. Dips skal egentlig tas med heile kroppen, men slik gjør eg det enn så lenge.
Nedtrekk: du drar ei stang med vekt ned mot brystet
Planken: du står på albogar og tær, og held kroppen parallellt med golvet så lenge du klarar.
Situps
pluss litt småplukk som det fell seg. Og av og til armhevingar sånn for skøy.
....og intervallar! Eg har sikkert sagt før at eg HATER å springa. Men intervallar er kjekt! Ikkje å måtta springa i seige 30minutt, men bare fira små minutt om gangen. Kanskje to-tre eller fira gangar? Det passar meg ypperlig. Når du er dausliten og har mest lyst å dø, så kan du trøsta deg med at det bare er et minutt igjen! Ha, det klarer eg, tenker eg då. Men kor mykje trøst er det i å tenka at det er 40 minutt igjen???...blæææ, då hadde eg gitt opp med ein gang. Eg kan godt holda på i 40minutt. Men når du får pausar innemllom så føles det ikkje så...ehm, drit, i mangel på et bedre ord... (huff)
I starten sprang eller sykla eg mini-mini-intervallar, to minutt lavt tempo og bare et halvt minutt høgt tempo. Det er NOK I MASSEVIS når ein er nybegynnar.
Moralen kjæm nu: Det viktigste for meg var å starta i det små og få til litt etter litt. Lika viktig er det at eg har funne ein treningsform som passar mitt utålmodige og ufokuserte håve. Eksplosivt heiter det vel. KA-BLAM! Og får eg samtidig så fine armar så klager eg ikkje...
Bildet er av ein kvinnelig kroppsbyggar og er tatt av den amerikanske fotografen Robert Mapplethorpe på 70 eller 80-tallet ein gang.Ka synst du er den kjekkaste treningsformen?


5 comments:
Morsomaste treningsformen er absolutt å kaste Aerobie med nokon. Det er mykje festlegare enn vanleg frisbee, og du får brukt heile kroppen. Treklatring kan også bli nødvendig dersom nokon blir litt for ivrige.
Skal prøvast.
Treklatring kan eg slutta meg til. Bonusen er sjølvsagt dei beste eplene. :)
Eg har faktisk funne ut at eg kan jogga ganske langt. Kondisen har definitivt vorte betre etter nokre månader med Djønno Dametrim. Og no kan eg ta ti armhevingar på strak fot, fy søren!
Du er ein barsking Jorunn! Kanskje eg må dra på gjestetrening på Djønno i sommar? Det er åpenbart der vinnarane blir til...
interessante!!!
Post a Comment