Har sove i tretten timar, mot gårsdagens fire. Til saman vert det eit sunt gjennomsnitt som burde balansere hudtonen min. Filmfestivalen var for øvrig veldig kjekk, om enn noko slitsom pga losjeringa. Litt sånn 'fred frihet og alt gratis' -tankegang som ein kan like.
No hører eg på russisk radio. Dei spelar Pet Shop Boys, og mykje eg ikkje forstår døyten av. Ved hjelp av nettlesaren Opera klarar eg å høyra på det eg trur eg direktesending av Avtoradio.
Har nettopp gått opp for meg at eg skal vekk i måro, til Berlin og Mari. Det betyr at eg må gå inn til byen og legga inn bilder frå denne festivalen allerede i dag. Det er veldig fint ver her i Bergen i dag, det er tilsalg til hagl og kraftig kuling, orkan over puddefjorden etc. Dette var veldig forvirrande for søndagshåvet mitt. Heldigvis kjem eg jo ikkje til å bli trøtt før rundt to i natt, så eg har god tid.

12.11.06
10.11.06
Osøyri
Då stikk eg til Osøyro for helge, veit ikkje kor komfortabelt det blir der. Er midlertidig sett tilbake til å vere 16 år i Sosialistisk Ungdom på bølle/jente/feminisme/aksjons/års/fylkeskonferanse, der alle søv i ein stor gymsal med ein vask i huset ved sidan av og ikkje eit fnugg av håp om eit minutts stillheit, slik at det går an å sovne. Eg skal på Os filmfestival, og trur det blir ganske mange folk i den gymsalen, og i tillegg er det vel ikkje akkurat alkoholforbud på dette arrangementet. Ei som på verdige Fretheim Hotell, der eg og journalist Ingrid sist helg fekk gallamiddag og dobbeltrom og lunsj og i det heile tatt av snille Dag og Tid. Buhhuuuuuuuu!!!! Studvest er sikkert snille dei og. Men œsj. Gymsal.
Dei bør ha bra filmar og billig øl.
Ellers: var på Tosca i går, det tok av, og det var flott. Litt lite overbevisande at fyrsteelskaren var ein pitteliten tjokkas, og Tosca var ei ganske stor dame. Men men. It's art.
foto: Eirik Brekke, BT
6.11.06
KLIKKE
No jœvlar, no e eg så DRITLEI av å kjøpa paraplyar. Og spesielt lei av å betala for paraplyar som er så dårlige at dei varar i ca. 4 timar. Sjå på detta. Eg kjøpte den klokka 12 i dag. Før fem var den KNEKT, fordi eg var borti bakken eller noe. Lange paraplyar kjem jo neri bakken.
Men hallo. Her er syndaren:
Moral: drit i å kjøpa bruksvarer frå Studia. Dei er best på overprisa kopierte svart/kvitt kompenium frå 1980. Jezz.
2.11.06
MoteStalinAurland
Såda. No har eg endelig fått noen nye motebilder eg tør å visa fram. Va tycks? Laga med Erlend og ei venninna av han som går på sminkeskule (!). Generelt nøgd men det ber litt preg av å berre ha ei ljoskjelde. Det ho har på håvet er ein 'sjapka', eller i alle fall ein etterligning av det. Likte skoene. Likte veldig.
Ellers: vår siste oversetjing til russisk heiter Drømmen om Stalin. Deilig.
I måro skal eg til Aurland på Nynorske Litteraturdager. Det er ein slags jobb. Hurra! Øl og bok!
29.10.06
Bamsekart
Om litt meir enn to veker dreg eg til Berlin på besøk til Mari og skal ha det svinaktig kjekt, forhåpentligvis. Ein veit jo aldri. Ein av hovudgrunnane til at eg trur det vert kjekt (i tillegg til at eg og mari har ganske bra synkronisert søvn-og nœringsinntaksbehov) er at eg har planlagt, i forveien og greier, minst to spanande ting som ein ikkje kan gjere heime. Det fyrste er å ete på Pasternak, ein russisk restaurant som forhåpentligvis har knallmat slik eg hugsar den frå St Petersburg. I tillegg har me no funne ut at me skal leite etter bamsen i Berlin ved hjelp av kartozoologiske verkemiddel. Dvs at me prøvar å finne ein bjørn i bykartet ved å fylgje gatene. No er eg litt usikker på om det finst nokon bjørn i kartet der, men det burde det jo, sidan Berlin er så veldig knytta til dette dyret. Eg kom over denne flotte vitskapen i siste del av Tor Åge Bringsvœrd si bok om London, som eg tilrår alle å lese. Her er han sitt funn i London, merkantil blandingshund.
Noko anna eg har lyst å prøve på, er å få tak i ein skikkelig hagenisse. Eg har vorte råda å reise ut til forstadene av byen, og neimen er det ikkje ein slik stad Mari bur. Då tek eg med meg ein ekstra stor koffert og håpar på det beste.
OBS! Alle som har tips om Berlin, plasser dei her.
Noko heilt anna: Denne dama kom eg over via bloggen til ei amerikansk jente på livejournal. Ho er så vidt eg har forstått politikar og markert abortmotstandar. Ho på biletet altså.
GLAD!
SINT!
26.10.06
Hater formater
Har veldig lyst å høyre på russisk radio over internett. Men det går ikkje. Ingen, absolutt ingen, av dei nokonogtjue stasjonane eg har prøvd, virkar. Eg har lasta ned det meste som finst, Windows player, Realplayer, Quicktime, og i tilleg er det nokon som opnar i iTunes og, men ingenting virkar. Jo, dei som opnar i iTunes virkar pittelitt, på ein svœrt amputert måte. Slik at eg kan høyre ti sekunder av radio, så vente tjue sekunder mens den bufferer, og så ti sekunder til. Er alt detta bare fordi eg har mac, eller er det noe anna? Nei, det er det nemlig ikkje ein kjeft som kan hjelpa meg med, for det er ingen på denne jord som kan noko om mac- og deler kunnskapen sin gratis.
Har hatt liknande problem med norske media på nett, spesielt med teve, og TV2 STINKER! FY! Dei innrømmer at dersopm du har mac er nett-tv'en deira berre i møkkaoppløysing, og at fjernkontrollen ikkje verkar. Neimen, for eit innmari bra tilbod då! Trur jaggu eg skal betala pengar for det.
Men..veldig frustrerande. Er det nokon andre som har mac og som høyrer på utanlandske kanalar?
Bortsett frå det er eg skitlei av å høyra om han der Roar Brekke. Eg synst han er eit fjols, og det er i høgda verdt 10 kroner å sjå han...evt for å sleppe å sjå han, hvis du er ekstra hissig innstilt. Eg er ikkje det, det berre irriterer meg at noko som er så middelmådig får så mykje totalt ureflektert og positiv omtale. Hallo?! Har eg gått glipp av noko her, eller har bare samtlige journalistar i Bergen og omegn verdas mest patetiske form for humor?
I neste nummer av AKA skal eg skrive ein artikkel om post-mortem fotografi. Like før og rundt 1900 spesielt var det svœrt populœrt å fotografere sine avdøde, spesielt dersom ein ikkje hadde bileter av dei frå før av. Derfor er flesteparten på dei gjenlevande (...) fotografia spedbarn. Resultatet vert i våre auger eit slags Addams Family stillbilde, men i samtida var det ein heilt normal ting å gjere, og det gav sikkert dei pårørande eit slags substitutt for tapet deira.
24.10.06
Skjeggedal

Detta er alt eg kan finna på nett som er avbildingar av den eldste vegen frå Tyssedal til Skjeggedal, Sjoarvegen. Det finst fleire bilete, som det er litt meir folk på, som står og poserer på eit eller anna panoramavenleg parti av vegen, som ellers var veldig vanskelig og farleg å gå. Inntil 1904 då den nye ridevegen på sørsida av elva stod ferdig, var dette den einaste vegen til Skjeggedal, som både gardsfolk og turistar måtte nytta (turistane kom langt for å sjå Tyssestrengane og Ringedalsfossen, som var attraksjon nummer ein i distriktet på den tida).
Sjøl har eg vert på nokre få parti av vegen, mellom anna omtrent der bilete nr 2 er teke. Vegen er nokre stader heilt forsvunne og andre igjen lite gjestmild. Rett før tunnelen på den noverande vegen kan du på venstre side kravla deg opp nokre steg som er slått inni steinen og komme opp på ei glenne. Fra der kan du gå eit godt stykke nerøve mot Tyssedal på Sjoarvegen, og nogle av partiene er direkte smukke at skue.
Men det er altså på denne vegen eg skal prøve å gjenskape nokre av dei gamle bileta eg har sett. Med samtidige modellar, vel og merke. Det er sikkert mangen av dåkke som har sett det gamle prosjektet mitt om vampyren i Odda, og eg tenker dette vert ikkje heilt ulikt, berre litt meir kitsch og farger. Begge går uansett ut på å plassera figurar og objekt utanfrå inn i eit eksisterande miljø. Og det kan jo bli litt kjekt.
Dei to fyrste bileta er henta frå Knud Knudsen-samlinga på Universitetsbiblioteket i Bergen.
17.10.06
ferdig!
Har hatt den mest slitsame helga på lenge, og har aldri kjent meg så paparazzi nokonsinne. Men er det litteratursymposium så må ein berre stilla opp. Men da var kjekt! Endeleg noko heilt uovertruffe- heima i Odda. Og no er det berre 6 år att før eg skal kaste meg på Oddabølgja med min roman om badevakten og klissereisa.
Dag Solstad på Ringedalsdammen. Han ser kanskje ikkje heilt nøgd ut akkurat her, men eg trur han var det.
No vert det russisk framøve. Har endelig fått tak i The Big Silver Book of Russian Verbs', 550 russiske verb bøygd i alle tenkjelege former. Då vert det plutseleg mogleg å gjera lekser att.
3.10.06
Out of darkness cometh light
Nei, det er ikkje ei gospel- eller svartmetallplate. Det er orda som er innprenta på byvåpenet til Wolverhampton, den midtengelske byen der eg tilbrakte tre år av mitt liv etter vidaregåande. Byen ligg i det gamle industribeltet som strekk seg gjennom England, og er derfor inga pearl of England med grøne bakkar og historiske festningar på klippene. Det er på ingen måte ein by med stolte universitetstradisjonar og samlingspunkt for intellektuell dekadanse a la Cambridge og Oxford. Det er ingen koselege snurrige gamle småkjeltringar frå 'Heartbeat' eller lokale pubar med bikkjer i bardisken. Samtidskunsten har og glimra med sitt fråvœr, og kunstgalleriet tilbyr som regel 'reclining nude' i alle sine fantastiske 'tema'(suppe)utstillingar. Byen er prega av stygge kjøpesentre, søppel, falleferdige hus, tomme fabrikkar og Vicky Pollard-jenter. Det er vel egentlig eit høl utan like.
Fyrste halvåret budde eg på internatet Randall Lines, eit tidlegare sjukehus. Her delte eg ein tett dusj med 11 andre jenter. Året før hadde ein kar vorte bottled to death i femte etasjen. Det betyr ikkje at han drakk seg ihel, men at nokon andre drap han med ei knust flaske. Natta bestod av å våkne av hyl og skrik fra fulle folk og brannalarmen som gjekk av opptil tre gongar kvar kveld. Når brannalarmen går av må alle ut. Går du ikkje ut kjem ein (sannsynlegvis, me er jo i England) stygg brannmann og kjefter og smeller og kastar deg ut i novemberregnet. Andre halvåret tilbrakte eg i halls som var hakket opp i pris og standard. Her budde eg med masse døve folk, ein folkesky gutt og ei dame som hadde hår på ryggen (IKKJE overdrive. Ho var ei Jokke-dame av dimensjonar). Sosialt, med andre ord. Takk gud at eg hadde vennar 'på utsida'.
Dei to siste åra budde eg i Dunkley street, den mest sentrumsnœre gata av det sagnomsuste Whitmore Reans, ein slum beståande av studentar, indarar og arbeidslause fjompenissar. Gata var ganske fredelig, men det var antageligvis fordi all knivaction gjekk føre seg i bakgatene. Dessutan var gutta som budde i Dunkley Street utslitte etter ein lang dag med å stå og henge ute i gata, røyke hasj og rope obskønitetar etter vi under 60. Men: masse kjekke folk og. Eg vart kjent med dei indiske naboane mine gjennom eit fotoprosjekt, og egypteren på hjørnet vart lei seg då eg hadde øydelagt Palestinaskjerfet mitt, så han gav meg eit nytt. Litt lenger nede i gata budde nokre skikkelige 'lads' som me kalla for 'the animals'. Ordet lad på engelsk har kome til å bety ein ung gutt/mann som likar sport, øl og damer og har eit ganske snevert syn på verda utover dette. Menn som ikkje spel fotball eller går med jakke når det er kaldt, er sjølvsagt homoar. Desse gutta var ganske underhaldande til tider, sjølv om dei stal hagenissen vår.
Dagane gjekk med til studier på School of Art and Design, forkorta SAD (!), der eg studerte foto og illustrasjon. Etter det første sjokket den generelle idiotien hadde lagt seg (ingen veit kva 1. mai er, voksne folk spør meg kor Norge ligg....), fant eg meg ein slags plass blant mine fellow students. Mitt fyrste prosjekt handla litt om inntrykket mitt av denne byen...:

Om kvelden drakk me som regel. På Quid's In på Student's Union (pound a pint) vart me vitne til kor mykje engelskmenn kan drikke. Det er mykje. På mandagar i andreåret var det Irish Live Night på City Bar- dette resulterte i glade bekjentskaper for fleire, og mange slitsomme og pinefulle tirsdagar. City Bar tok heilt av siste året. Alle gjekk der når det andre stengte. Denne plassen hadde alltid lock-in og me kunne skjenka oss til langt utpå morgonkvisten. Dei som arbeida der var mest studentar sørfra, dei kunne ikkje engelsk og fekk sikkert ei rumpetaske i timelønn. Ølet var utvatna, vodkaen var ASDA smart price (tilsvarar first price). Me dansa og sjaua natta gjennom og hadde det som regel steinkjekt.
Ellers var konsertscena Wulfrun Hall eit sted å gå for å oppleve sine fordums heltar. Dette er verkeleg stedet å sjå artistar som kanskje har opplevd større glanstider. Alice Cooper, WASP, Tori Amos, Nick Cave, The Stranglers og Erasure- eit steinkast frå døra vår.
Etter fullendt grad derifrå drog eg til London. Det var traurige saker i forhold. Poenget med dette innlegget er jo at eg elskar den vetle byen i West Midlands på grensa til The Black Country, med sitt tvilsame fotballag og sin klamme stank av eddik som ligg som eit lokk over heile byen. Universitete er på oppsving, og byen har ein merkeleg aura som eg trur snart vil gjere den til noko meir enn bare heimbyen til Robert Plant. Wolverhampton er ein utskjelt møkkaplass som for meg er England sitt eige lille Odda. GO WOLVES!
her:
1.10.06
Fjell!
Har tilbrakt to herlege dagar på fjellet. Rett nok migregna det store delar av laurdagen, og det var høgst plikstskuldig at eg la ut på tur. Etter å ha mista turkameraten til hotellbaren vart veret litt betre, og det lukte uovertruffe på eit fjell om hausten. I dag har sola slått te og eg koke litt i trynet... detta ga meirsmak! Neste helg blir det definitivt ein hyttetur på stølen mellom lœrekøyring og generell lax i Odda. Skal posta så mangen bilder av Odda at alle får lyst å flytte dit. Dersom mange nok flyttar til Odda, blir det litt kjekkare for meg når eg flyttar heim. Lurar på om HF treng ein Moskva-korrespondent? Nei, forresten, då må eg jo bu i Moskva...
18 kvadratmeter hyttekos: Butten.


