25.2.10

Testedagboka

1.april skal eg skriva i Vadsødagboka. Det er ei dagbok som Vadsø museum set saman. Dei får 365 personar som befinn seg i Vadsø til å skriva dagbok for ein dag. Eit litt rart prosjekt for eit museum kanskje, men artig.

Eg fekk tips om ka og korleis eg kan skriva om dersom skrivinga ikkje glir av seg sjøl. Det glir nok VELDIG lite av seg sjøl, så eg tenkte å benytta meg av dei tipsene eg har fått frå museet. Ganske standard greier: ka spiste du i dag, var du med på noko aktivitet, kossen var været, hendte det noe spesielt, nyhetene, etc.

Jajo. Er det noko som kan bli spennande å lesa om? Vi tester:


Kjære dagbok!

I dag stod eg opp litt seint, bevilga meg kaffi og frukost heima og kom derfor på jobb 20 minutt for seint. Siden sjefen er på tur føles det som om eg kan eg gjøra endå meir som eg vil enn vanlig. (Sannheten er jo at eg gjør som eg vil mesteparten av tida, derfor jobbar eg der eg gjer og ikkje der eg gjorde.)
Uansett så kom egopp på Galgebakken, konstaterte ekstremt snøfall og starta friskt på måkinga. Under snøen fann eg 17 sekkar ved som gutan på Asvo leverte for to dagar sidan, som noen hadde "glømt" å ta inn. Røykarane på Statens hus fekk sjå eit fint eksempel på straffen for latskap medan eg bantes, gravde fram frå snøen og bar inn sekk etter sekk etter sekk.
Ein annan konsekvens av latskapen var jo at det var jævlig kaldt på galleriet, for søkkblaut ved brenn ikkje spesielt godt. Og ja, vi fyrer kun med ved på galleriet. For det er så koselig :)

Når eg er aleina på jobb får eg ofte satt i gang med ting eg har utsatt, så i dag skjærte eg passepartout til bilete av kunstnarane Eva Langaas og Kristian Finborud, som har låge og lengta etter innpakning ei stund. Sidan skar eg eit til eit bilete av Vadsø sentrum slik det såg ut for x antall år sidan. Det sterkt gulna biletet er ifølge sjefen eit viktig bilde i kulturhistorisk perspektiv, for på bildet var ikkje heile delen av Sentrum skule bygd, men for meg er det mest eit gulna bilde.

Fram til ett-to tida var det ikkje ein einaste kunde, så eg fekk god til til å fjasa rundt og svara på e-postar og gjøra dagleg leiar-gjerninga utkledd som stril i strikkajakka frå Nordhordland.

Dagens siste kunde kjøpte dei to siste eksemplara av Vakre Varanger, som og er utseld andre stader. Fotograf Arvid Sveen er den som har tatt dei beste naturfotografia av Varanger, av dei eg har sett i alle fall. Så det var faktisk litt trist å pakka verdas siste Vakre Varanger inn i glansa papir og bytta dei mot pengesedlar.
Når eg omgir meg med fine ting heile dagen, er det kanskje ikkje så rart at eg vert litt knytta til dei. Og vice versa med alle tingene eg synst er gudsjammerlig schtøgge...


Midt på dagen åt eg to sitroner. I går åt eg tre. Det kan umulig vera bra for magen min å eta så mange sitroner.

Klarte å komma meg heim til vanlig tid. Galleriet har som motto at vi alltid har åpent litt lenger enn resten av handelsstanden i Vadsø. Er det kundar er det åpent. Men uansett så finn eg alltid noe viktig som må gjørast fem minuttfør stengetid, og blir derfor ein halvtime ekstra. Som sagt, vi har det veldig koselig på jobb.

Middagen heima besto av pølsa og potetstappa og eg blei så stappa at eg måtte legga meg i senga etterpå. Det måtte Lars og, så det blei til at vi bolla i stedet for å strekka oss (eller ka det kalles), veldig bra valg spør du meg.
Etter litt sløving og kaffi fann eg ut at eg måtte på restitusjonstrening for å unngå å bli stiv etter styrketrening, hardcore snømåk og vedbæring.


Eg trener på Vadsø treningssenter ca annakver dag. Men siden eg no skulle trena lett så visste eg ikkje heilt ka eg skulle gjøra etter at eg var ferdig med oppvarmingen, så det blei ein 40minutters oppvarming før eg gjekk heim igjen. Og måkte endå meir goddamn snø.
Sidan vi bur i Havnegata er plogen ivrig på oss, han tar opptil fem-seks rundar utanfor her per dag, og hiv all snøen ut på sidene. Han meiner det godt, men snøen barrikaderer både oss og den lille sennepsgule bilen vår. Sidan eg treng bilen i måro og er sånt eit morratryne,må eg fjerna snøen i dag. Ber om at plogmannen held seg unna til i måro tidleg.

Inne finn eg etterkvert ut at langrennslaget vårt har vunne gull på stafetten. Eg har alltid synst Kristin Størmer Steira er ganske så pen (og sikkert veldig grei) så eg unner ho det første OL-gullet.

Katten vår, Øyvind Arvola, har no satt seg fast i det nye golvteppet. Igjen. Han er ganske dårlig til å trekka inn klørne.

God natt!

PS: eg åt jogurt med mandler og aprikos til kvelds.


Du som lesar kan no evaluera detta dagbokinnlegget. Duger det for Vadsødagboka?

28.1.10

TØFFE MEG!

I dag har eg vært tøff. Gjort noe eg aldri trudde eg skulle makta å gjennomføra. Trossa angst beven og ISSUES til fordel for mitt eige velvære.

I dag, kjære lesar, har eg vist meg offentlig med ei kondombuksa. Det vil si ein av dei treningsbuksene som sitter sugd på kroppen din, og avdekker kvar minste detalj om hud, musulatur, beinbygning, fettprosent og appelsinhud. Hvis ein ser godt etter kan ein sikkert tella kjønnshår.

Omtrent sånn som det her:


Og gjett ka? Ingenting skjedde!
Ingen stirra vantro, ingen lo, ingen brydde seg.
Jo, ein ting skjedde: eg hadde bedre bevegelsesfrihet, og slapp å dra i buksa annakvart minutt fordi den var på vei ned.

Alle som har vore på treningssenter veit at dei aller fleste, i alle fall jenter, går med denna typen bukser. Så kva er den bigge dealen?

JO:Dåkke som har sett meg i levande live, veit at eg hakje akkurat sånne bein som ho som stod og modellerte her.
Mine bein er (ifølge mitt eige kritiske blikk) ein fin blanding av kalvbeinthet, ridebukselår og kanonknær, med noen kilo for mye. Med påfølgande dårlige sjølvbilde har eg vært ganske flink til å føla meg fæl opp gjennom åra. Ikkje minst på treningssenter med andre mennesker i, som alle (trur eg) eg besatt av kropp og utseende og mønstrar kvarandre med kritisk blikk.

Derfor har eg mange gangar lovt meg sjøl at eg aldri aldri skal komma nær bukser av detta slaget. At eg aldri skal utsetta noen for det synet- eller meg sjøl for skammen. Ei heller skal eg gå i korte skjørt eller bukser som går inn i beina, leggings eller treggings eller whatnot...

Etter i alle fall to-tre år som samanhengande trenande menneske har eg framleis den samme pæreforma kroppen, men eg har ikkje heilt den samme innstillinga. Eg har begynt å bli DRIT LEI av posebukser som kun sitter på meg fordi dei skjuler meg. Bukser som slenger rundt anklane og er i veien. Tunge svære bomullsbukser som blir tyngre og tyngre synonymt med aukande svette (varme er dei og!). Dei passar gjerne dårlig, og er som regel så lave i livet at å ta skikkelig knebøy er synonymt med å flekka ræv til treningskameratane dine.

Konklusjon: eg går med klær som hindrar meg i å trena skikkelig.
Kvifor? Fordi eg er litt teit. Eller kanskje litt feig. Det er ikkje så viktig.

No har eg uansett bestemt meg for å behandla meg sjøl litt bedre. Og gi litt meir faen. Så blæ så.

26.1.10

Stormande høgder

Sola er tilbake og vi gler oss til sånt her vær.

Vi er lova storm, men som vanlig er det berre litt vind, som ein annan stad langt vekke i det nordnorske landet er ein storm. Eg kom meg trygt både til og frå jobb, utan ein gong å få ein søppeldunk i håvet. Styrkeprøvane er definitivt få for det moderne mennesket. For å kompensera avanserer eg stadig med manualane (sjølv om det er nedtur når alt eg trudde var kilo visar seg å vera pund).

Ein annan stad det stormar berre litt er på Galgebakken galleri, der eg vrir håvet for å komma på noko fornuftig å tilby det kunsthungrige publikum, og jakten på nye kunstnarar resulterer av og til i jubelrus, av og til i sure sitroner. Pingvinsalget er for øvrig i full gang.

Vi har og ein publikumsstorm: For tida vil alle vadsøjenter på fotokurs, noko som er stor stas. Kurs for 8 blei til kurs for 12 med seks som venter til neste anledning byr seg. Eg har altså konstatert reell kødannelse i Vadsø på eit arrangement som hverken serverer alkohol eller Blacksheeps-autografar. Og det er vårt arrangement. Det er kjekt, det!

11.1.10

Når ting veks på kroppen din

...og det hverken er hår eller kviser, då burde alarmen gå.

Men det er faktisk ikkje mutasjon eller gøyale effektar av radioaktiv stråling som tyt ut.

Nei! Det er faktisk ein muskel!

Og det er for ein gong skuld ikkje kjevemuskelen (surt gummigodt krev eit hardt regime av kjeftament-trimming). Det er noen greier i skulderregionen. I beina. På magen? Til og med i fingrane kanskje. Dei kjem faktisk i fleirtalsform.

Og det er digg!

Og det gjør vondt! (sånn au au au sier den nyoppdaga muskelen)

Etter at eg fekk lyst å trena igjen ein gang i desember har eg nemlig no på nyåret endelig tatt styrketreninga på alvor igjen. Eg har begynt på The less thinking more doing- programmet eg fann på den utmerka nettsida Stumptuous.com. Sida har ganske mange fine tips om styrketrening, men utan den irriterande reklamen for proteinpulver og monstermuskelmann-piller som infiserer dei fleste nettsidene om temaet. At det er tilrettelagt for kvinner er og veldig veldig OK.

For styrketrening er kjekt. Det har eg synst lenge, men har tidlegare stagnert i mangel på noe ordentlig program og dalande motivasjon. Noe seier meg at det vil vara litt lenger den her gangen.

17 kilo i benkpress er ikkje spesielt mykje, men for mine runde, tynne skuldre er det kanontungt. Og ein liten seier i seg sjølv. I knebøy klarte eg faktisk to ordentlige bøy med 40 kilo, men då lagde eg ganske rare lydar på andre runden.

*flex*

1.1.10

Sånn var det!

1. Hva gjorde du i 2009 som du aldri har gjort før?
Svarte på spørsmål i Finnmarkens "I forbifarten"-spalte. Spørsmålet var om eg gledde meg til snøen kom. Eller til vinteren kom. Eller noe i den dur.

2. Holdt du nyttårsforsettene dine, og vil du fortsette å holde dem i 2010?
Hadde ingen forsetter, men eg har gnægd om det her før.

3. Ble noen som står deg nær mor/far?
Ikkje næraste familie. Men det kan jo henda uten at det er offisielt enno!?

4. Døde noen som står deg nær?
Nei.

5. Hvilke andre land enn Norge besøkte du?
Finland (men bare Nuorgam), Russland og Irland. Stusselig!

6. Hva ønsker du deg i 2010 som du ikke hadde/fikk i 2009?
Vedteig og road trip i Norge.

7. Hvilken dato vil du huske best, og hvorfor?
1.august, då vi flytta inn i Havnegata. Eller vart det den 2.?

8. Hva er det største du oppnådde?
Få fyr i ovnen. Både heima og på jobb. Og det er det to ovnar!

9. Hva er den største fiaskoen?
Tre mislykka forsøkpå å laga sjokoladekaka Nemesis. Kvar einaste ein endte i dass. Her er den siste av dei tre:


10. Har du vært syk eller skadet?
Eg vart litt sjuk i romjula. Men skadd har eg ikkje vært på veldig lenge. Litt museskulder då eg var nettsjef på mitt ivrigaste i vår.

11. Hva var det beste kjøpet ditt?
Halvparten av Havnegata 33B seff! Berre sjå:


12. Hva brukte du mest penger på?
Huset der og.

13. Hva gjorde deg virkelig, virkelig, virkelig glad?
At Lars og Øyvind ville bu i lag med meg.

14. Hvilke sanger vil for alltid minne deg om 2009?
Kanskje Bolla Bølla. Og jammerlåta som vant grand prix, dessverre.

15. Sammenlignet med samme tidpunkt i fjor, er du …
* Lykkeligere eller ulykkeligere? Lykkeligare
* Eldre eller klokere? Eldre.
* Tynnere eller tjukkere? Tjukkare
* Rikere eller fattigere? Rikare, men med meir lån.

16. Hva gjorde du for lite av?
Synst godt eg hadde plass til å skvisa inn endå meir kakao, kjærestekosing, spinning og skitur. Og ja,eg las veldig lite.

17. Hva gjorde du for mye av?
Surfing på kvinneguidens uutømmelige forum for oss som likar real life såpeopera. Det er ei farlig hengemyr av innbilte intriger, bedre enn Ricki Lake ogJudge Judy til saman.

18. Hvordan feiret du jul og nyttår?
Julaften: I Odda med familien og Lars.
Nyttårsaften: Her i huset med gode vennar og god mat.

19. Var du forelsket i 2009?
Om atte!

20. Hva så du helst på TV?
Såg på Frustrerte fruer i vår, og hadde lang TV-pause til i høst då eg såg på Livet i Fagervik. Nyheter innimellom. Begynner å bli gammal.

21. Hater du noen nå som du ikke hatet på denne tiden i fjor?
Huff, det tør eg ikkje skriva vel!

22. Den beste boka du leste?
Lite lesing i 2009. Mest strikking. Og strikkeoppskrifter sorterer eg under "verste lesing".

23. Hva var den største musikalske åpenbaringen?
Antony and the Johnsons. Trur eg begynte å høra pådei i år. Eller var det i fjor? Gildt var det okke som.

24. Hva ønsket du deg - og fikk?
Ein liten pusekatt!

25. Hva ønsket du deg - men fikk ikke?
Badstu.

26. Den beste filmen du så?
Ikkje 2012 i alle fall.

27. Hvordan feiret du bursdagen din?
Kakefyll i heimen.

28. Hvilken enkelt ting ville ha gjort hele året mer tilfredsstillende totalt sett?
Eg sku godt likt å vera kordamo til Erasure.

29. Hvordan skildrer du din egen klesstil i 2009?
Bevegar seg med stormskritt mot "frilynt, fresk og femti"-stilen. Men sånn stigmatisering skal eg slutta med.

30. Hva holdt forstanden oppe?
Eit sårt tiltrengt jobbytte.

31. Hvilken kjendis likte du best?
Spørst ka for ein kjendis som likar meg best!

32. Hvilken hendelse opprørte deg mest?
Hendingar som kun var reelle i mitt eige hovud.

33. Hvem savnet du?
Familien min og vennane mine som bur langtvekkilainen.

34. Hvem var den beste nye personen du ble kjent med?
Fleire fine folk. Blei for eksempel litt kjent med Inger Johanne før ho drog, og det var stas. I haust blei eg kjent med min nye sjef. På Finnmarken vart eg og kjent med fleire nye kolleger i vår før eg stakk.

35. Hvilken nyttig erfaring har du gjort deg?
Ikkje alt er verdt å bry seg med.

36. Sitér en sangtekst som oppsummerer året?

doo doo-doo, doo-doo, doo doo doo

28.12.09

18 timar på tortur

Egentlig er 18 timar Odda-Vadsø heilt latterlig kort reisetid. For ikkje så himla lenge siden var 18 timar latterleg kort reisetid Odda-Bergen.
Men når du vaknar halv sju med oppsvulma hals, feber og tre timars uroleg søvn bak deg, då er du ikkje klar for 18 timar med ein så ufyseleg, harry og ubekvem reisemåte som fly er.

Skulda var sjølvsagt mi. Som reiseoperatør for huslyden bestilte eg nokre etter mitt syn rasande billige billettar (3700per pers tur-retur frå Kirkenes til Bergen), men på eit eller anna mystisk vis gjorde eg dette utan å registrera at returen innebar 6 timars venting på Gardermoen i Oslo før flyet for nordover.
Ille det, men noko verre var det at vi ikkje hadde nokre moglegheiter til å koma oss frå Odda ein søndagsmorgon for å nå eit fly frå Bergen kl. 12. Ingen snøggbåt. Ingen buss via Kvamskogen. Ingen buss via Kvinnherad. Ingen ting.

(Mellom Bergen og Oslo går det 20 fly om dagen. Men skulle vi få bytta til eit seinare fly frå Bergen måtte vi kvar betale omtrent dobbelt av kva som er vanleg for ein flybillett mellom Bergen og Oslo.)

Difor vart det slik at dei snille foreldra mine kjørte oss heile vegen til Flesland eins ærend for at vi skulle få komt oss på det unødvendig tidlege flyet og rekka dei seks herlege timane på Gardermoen. Ein liten forsinkelse men ellers som forventa. Når vi kom til Kirkenes var det nærmare 30 minus og vi kjørte i febertåko rundt fjorden etter ei økt skraping og førstehjelp til medtrafikantar med flatt batteri på flyplassen.

Rundt midnatt var dei 18 timane forbi. Skjelvande av feber og kulde og kvalme om kvarandre kunne eg endelig legga meg i mi eiga seng. Og eg tenkte: eg skal aldri fly meir.

Verda blir mindre, seier dei. Men det trur eg ingen ting på. Å forventa at ting skal vera så lettvint resulterer kun i skuffelse. 18 timar mellom Bergen og Vadsø er latterlig kort tid. Torturisk lang tid med mi innstilling.

Derfor synst eg at verda skal verta litt større igjen. Derfor synst eg at det skal ta lang tid å reisa. Og at reisa skal vera kjekk. Derfor vil eg prøva å ta den lange vegen neste gang. Vegen som buktar og snor seg, som tar lang tid, har avstikkarar, treng telt i bagasjen, eller sovekupe, solbriller, regnklede, kamera, godt reisefølge eller i alle fall ein pils og ei pocketbok.

Eg kjem heilt sikkert til å fly igjen. Men heretter vil eg prioritera å ha det kjekt på turane mine.

12.12.09

Takk, men nei takk

Eg har latt meg riva med, ja kanskje til og med blitt så smått hjernevaska av det lille skredet av klimadokumentarar, -debattar og -konferansar som har herja på TV'en vår i det siste.

Så kom huslyden på at vi skulle gjøra noe som eg fekk ansvaret forå gjøra for mange månadar siden (men som var uforklarlege grunnar ikkje har makta), nemlig å klistra eit sånt klistremerke der det står "Nei takk til uadressert reklame" på postkasso. Så eg prøvde å finna ut kor eg kunne få tak i eit sånt. Søker og finn detta frå Grønn hverdag.
Men det koster jo pengar, i alle fall både ekspedisjonsgebyr og frakt. Dessuten blir det sannsynligvis sendt i ein konvolutt, og saman med ein eller fleire brosjyrar. Litt ironisk.

Og: Ifølge hainn Stat er det "forbudt å levere uadressert reklame og gratis aviser til forbrukere som på en klar og tydelig måte viser at de ikke ønsker dette ved å merke postkasse og/eller inngangsdør."

Aha, ein treng altså ikkje det spesifikke merket. Å laga sin eigen lapp er lika dugandes.

Eg tenker: hvis Grønn hverdag er så opptekne av at det skal bli mindre unødvendig papir, burde dei ikkje oppfordra folk til å laga sitt eige merke?

Eg tok i alle fall og klipte opp forsida av gule sider-katalogen for å få ein flott og hissig signalfarge på skiltet vårt, som funker som bare det.

Vi har og bestemt oss for å bytta ut ein kjøttrett med ein vegetarrett i veko, og eg vil bli litt flinkare på å kjøpa økologisk.

Eg tar gjerne imot fleire grønne tips. :)

9.11.09

Mørketid = strikkebygo

Som i fjor har strikkebygo tatt meg no på denna tida som det begynner å bli mørkt for alvor. Slutt på trening, uteliv, frisk luft og mosjon, hei hei kjære sofagropa mi. Strikking er og ein sosial aktivitet, kver onsdag har vi strikkeklubb her i heavenly gate. Mens eg prøver å knekka dei godt skjulte kodane til strikkeoppskriftenes uforståelige stammespråk er de fint å ha litt moralsk støtte rundt seg.

Eg har laga ei lita lua til kjærasten min for å kick-starta årets sesong:

3.11.09

juljuljuljuljuljul

...det gler vi oss til.


(jula på bildet er ikkje identisk med jula i virkeligheten)

1.11.09

Det artige landet

Hihi.