26.4.10

Bier hunt

Foto: Jenny Tøn

Vi elskar sightseeing...

25.4.10

Berlinerord er oppretta!

Her kan du finna ny ordkunst kvar dag: Berlinerord.


No har Jenny ogMonika kome,og dei har løyst eit av dunkelproblema,nemlig lyset i gangen. Kort fortalt: Den lysande raude knappen var ein lysbrytar og ingen brannalarm. Og lyset har timer, derfor slår det seg av av seg sjøl etterei lita stund. Lure tyskarane.

24.4.10

Dunkelt

(Då har eg endelig klart å kjøpa USB-kabel,men det var så klart feil type..;)

No kan eg fortella om mørke saker. Eg får Beøk av Jenny og Monika i dag, og dei vil altså på ein restaurant der det er heilt mørkt. Dunkelrestaurant heiter det. Du et i stummande mørke. Kelnerane er blinde. Det skal visstnok vera ein opplevelse forsansane og sånn. Litt skummelt og veldig spesielt. Gler meg.

Eit anna dunkelkammer er gangen i blokka vår. Eg forstår ikkje kvifor lyset alltid er av i gangen, for eg ser jo faktisk ingen ting og om kvelden når det er mørkt ute bruker eg ganske lang tid på å komma meg gjennom gangen med sykkelen,låsa opp bakgårdsdøra, ut i bakgården, tilbake og låsa, finna trappa, og så opp til leiligheta. Har tyskarar innmari godt nattesyn? Det er noen raude lysande knappar her men dei ser sånn ut som brannalarmar så eg tør ikkje trykka på dei. Kanskje det og er ein opplevelse for sansane, hittil har eg bare fått blåmerker.

Nok dystert. Ord for dagen: Berlinerbolle.

Eg oppretta ein eigen blogg for kunstordene.

23.4.10

Knut ist gut

Første kunst er unnagjort,men pga USB-krøll kan eg ikkje offentleggjera det enno. Det er i alle fall sykkelkunst, som kjem i løpet av dagen.

I mellomtida kan dåkke kosa dåkke med KNUT (som og er eit av orda eg skal laga kunst av).

21.4.10

Askefest

Detta skulle egentlig ha skjedd på fredag kveld, men no vart det onsdag ettermiddag i stedet. Eg drikk te i ein fantastisk leilighet i ei gjev gata i uovertrufne Berlin. Imellomtida har eg kjørt bil, tatt fly,missa fleire fly, tatt tog, haika, tatt ferja og tog igjen og jammen kom eg meg ikkje fram uten noen men utenom litt trøtt etter ei natt i baksetet på ein bil. For ein gangs skylda skal eg skryta av VG og eg må bare si at den der Haikesentralen er det mest geniale eg har sett på ei god stund. Folk hjelp kvarandre å komma fram, tar med seg ukjente, eller leiger bil, buss og båt i lag og set i gang. Fly blir overflødige og vips er alle kriser løyste. Statsministeren har blitt god på ipaden høyrer eg så han treng vel heller ikkje fly nokre stader meir. Og eg har erfart at jo eg likar å reisa på landjorda, akkurat sånn som eg trudde. Ordnung ass! :D

Men. Takk til VG, takk til det hyggelige paret fra Asker som lot meg få sitja på, takk til Mari som tok imot meg på kort varsel (og lot meg gå på endå kortare varsel) i Oslo, takk til Berlin som ligg så fint til rett utanfor vindauga mitt. No er det ut og skaffa mat til ein skikkelig askefest (HOOOHO).

(Prosjekt Ordkunst byrjar ganske så snart. Dagens ord må trekkast fyrst. Og husk at eg tek imot ord fortløpande fram til 1. juni- samt alt anna du har lyst å dela med meg)

15.4.10

Lykkelig vukanutbrudd

Næmmen, blir det ingen flytur???


I stedet for å gremma meg over at eg mest sannsynlig ikkje får reisa til Berlin i morgon likavel (pga noe så råkkenråll som vunlkanutbrudd!), listar eg opp ting som er FANTASTISK med ein to eller tre ekstra dagar i Vadsø:

- eg får tatt fredagsøkta på treningssenteret i stedet for å råtna vekk på Gardermoen
- eg rekk å eta opp knekkebrøda, samt kesamen og makrellen i tomaten som står i kjøleskapet
- færre dagar vekke frå dei eg er glad i
- færre dagar med lønnstrekk
- steike fint vær i Vadsø no!!!

Say no more!

10.4.10

Gje meg eit ord så gir eg deg kunst

Har du lyst å bestilla eit kunstverk? Gratis og gøy!

I april og mai skal eg bu på kunstnarbustad i Berlin. Kvar dag kjem eg til å laga eit kunstverk ut frå eit ord eg har fått. Derfor samlar eg på ord å ta med på turen.

Eg veit at du som les detta har ALT som skal til for å hjelpa meg. Du er nemlig grei, du kan norsk (og ikkje minst beherskar du begge målføre), du har høyrt om Berlin, og du har åpenbart tid til overs. Derfor spør eg: Har du eit ord å gje meg?

HOW TO:

- tenk på eit eller fleire (gjerne MANGE) ord du forbind med Berlin

- skriv dei i kommentarfeltet under eller send på melding til meg

Du kan godt betrakta det som ein bestilling. Om ordet du vil gje meg er “vandal” bestiller et stykk vandal-kunst. Mediet kan vera så mangt men eg er fillustratør og otograf av utdanning, journalist av vane, gallerist av yrke og ikkje så aller verst til å strikka,så det gir vel noen peikepinnar. I dei fleste tilfeller må eg i alle fall bruka foto og video for å formidla det eg har produsert.

Den gjeve kunsten vert presentert på bloggen min i fyrste omgang, utvalgte perler på heimesida til galleriet eg arbeider på, og når eg kjem tilbake blir det mest sannsynlig utstilling men det er ikkje banka enno.


(For dåkke som har Underskog: eg har eg posta samme forespørsel der. Men eg vil så veldig gjerne høyra frå dåkke som les her og)

DANKE!


7.4.10

Kroppen slår seg vrang

I natt våkna eg av at eg måtte på do eller noe. Og av ein eller anna grunn så krølla eg meg sammen på ein rar måte, ved å svaia ryggen opp frå madrasso. Då sa det liksom pang fra nakken og nedover langsmed sido av skulderbladet. Det kjentes ut som pang i alle fall. Og det har gjort vondt siden.

Sånn føles det. Og der fikk dåkke ein nakentegning.


Så no er eg litt invalid, uvisst av ka for ein grunn. Vanligvis er det datamaskina sin feil, men no skjedde det altså på venstre sida. Eg skylder på lørdagens litt intense skigåing (bakglatt!!!) og sjølvsagt svake gener (skjønt akkurat til skigåing burde genene mine vera ålreit).

Tips til lindrande aktivitet blir satt VELDIG stor pris på. Har ikkje badekar, men rikelig med tigerbalsam. Hadde eg hatt begge deler skulle eg gjerne kombinert dei.

Au.

4.4.10

Er er BØFF RØFF og TØFF


Dagen i dag er ein stor dag i heimen.





Eg har tatt armhevingar.


Eg! Armhevingar! 3 drøye lifts frå bakken og opp! På tærne ikkje på knærne! FOR ALLER FØRSTE GANG. I dag.

Og kor skjedde det? Havnegata, Vadsø, seff. Where winners are made.

Snart gruser eg deg G.I. Jane.




PS: for dei av dåkke som kanskje synst det høres lite ut skal eg bare si at dåkke ANER ikkje kor inn i granskauen heftig tungt det her er dersom du ikkje har kroppsbygningen din med med på laget. Så tei truten! Dåkke hakje peiling!

30.3.10

Death by Marmite



Eg blei glad då eg fekk denna pakken i posten.


Først: TUSEN TAKK HILDE!


Så: Marmite er Englands nasjonalpålegg. Marmite består for det meste av gjærekstrakt, som er eit slags avfallsstoff (eller overskuddsstoff) som blir igjen etter ølbrygginga. Litt sånn som det ein lager brunost av kanskje (og ka heiter det no igjen)? Marmite er meint til å bruka som pålegg og buljong. Smaken er så intens at du må vera litt forsiktig i starten. Definitivt ein såkalt acquired taste....

Første gangen eg smakte marmite var høgst ufrivillig, som ein innsneke ingrediens på ein eller annan ferdiglagd trekantsandwich eg kjøpte meg ein gong der i midlands. Å fytti katta det smakte grusomt, og gjett om det havna i søpla (eller do). I etterkant har eg tenkt at eg må ha mislikt smaken fordi eg ikkje ante ka det var. Å eta noe du ikkje aner kva er, er i beste fall litt ubehagelig og skremmande. Spesielt når det smaker MARMITE av det!! For Marmite smaker veldig sterkt av...eeehhh...Marmite. Som eg best kan besktiva som ein konsentrert smak. Med salt.

Marmite vart produsert på ein eller annan ye olde plass med eit bryggeri i England frå starten av 1900-tallet. Pålegget kjem på små fancy glass med skrikande gul etikett som har vore ganske uendra siden starten.

Marmite har både sine tilhengarar og innbitte motstandarar. Har du Marmite på kjøkkenbenken får du enten ein ÆSJ eller ein NAM-reaksjon frå besøket, spesielt når du er utlending, då dine britiske gjester vil enten A) rosa deg opp i skyene for bra stil og anbefala deg den store Marmite-kokeboka, eller B) befri deg frå styggedommen før det er for seint.På dei aller fleste britiske internettfora vert det før eller seinare oppretta ein eller fleire marmite-trådar der desse to gruppene kranglar. Og før eller seinare kjem ein og påstår at dei kjenner nokon som har døydd som følge av Marmite-inntak.


Nam seier no eg. My mate Marmite.


Meira marmite her.