21.8.11

Om å vera fri


Beste maten lagar du på stormkjøkken.

Sidan 1. juli har eg vore arbeidslaus. I mange uker har eg ikkje visst kva eg skal gjera med livet mitt jobbmessig, samtidig som pengane har rent ut av kontoen. No er eg på den siste tusenlappen, og har vore det ei stund. Penga varer lengst i nord!

Eg har likavel ikkje vore spesielt bekymra. Fordi eg har visst at det kjem til å ordna seg. Men ikkje korleis det kom til å ordna seg. Derfor har eg vore spent og glad heilt sidan eg kom heim att til Vadsø.

Dei siste vekene har eg tatt veldig mange bilder, vore på telttur, passa hund, dratt på harrytur til Nuorgam, plukka molter og blåbær, laga syltetøy, vaska hus, vaska noen andre sitt hus, vore på festival, løfta tunge ting og blitt brun. Det har vore heilt fantastisk. At været har gitt jernet denne sista veko er heller ikkje feil. Å vera fri har vore godt og rett.

Godt fordi eg har vore arbeidslaus utan å kjenna meg unyttig, ubrukelig eller ute av stand til å bidra. Fordi eg ikkje har kjeda meg, men kosa meg meir enn eg kan huska å ha gjort nokon gong (med mogleg unntak av tida på barndommens rideleirar). Rett fordi eg våkner om morgonen og er sikker på at eg gjer det eg vil. Som av og til inneber å la vær å gjera det ein ikkje vil.

No har eg tatt fleire val. I morgon begynner eg i ein av mine nye jobbar, på fylkesbiblioteket sitt fotoarkiv. Det gler eg meg til. Og snart er eg instruktør på treningssenteret. Eg likar å vera fri, men eg er nok ikkje skapt til å gå og slenga. For det er jo det som hadde skjedd, før eller seinare, skal det fortsetta på den her måten...


Meg og kvalpen Stella, eller Glæfsa, som eg har fått gå tur med nokre dagar. Ho er ein Staffordshire bull terrier som liker å tygga på det meste.

14.8.11

Cash is king

Valuta fra Finnmarka.

Byttesamfunnet lever: i går kom ein kar på døra med ein laks. Han fekk eit kilo molter, eg fekk laksen. Eg har og fått ein stol. Lars seier "Vi har molter. Det finst ikkje den ting vi ikkje kan få tak i no."

Eg er rik!



28.7.11

Snørr og tårer

Slik vart ferien i år.

Først snørr. Det begynte på flyet, og utvikla seg heile veka vi var i London. Tårene kom etter kvart då eg innsåg at store delar av ferieturen som kosta så mykje pengar og var så innmari etterlengta, vart begravd i smertestillande og snørrepapir på hotellrommet. Og så fekk vi beskjed om alt det forferdelige som hadde skjedd heime i Norge. Laurdagen skulle vi ha vore på konsert med PJ Harvey og Portishead, men feberen ville det annleis. Same dagen går det ekstreme omfanget av gårsdagens hendingar opp for oss, og på ein måte verka det passande å berre vera i ro den dagen.

No er vi attende i gamlelandet og hos foreldra mine i Odda. Framleis ikkje heilt friske, ellers skulle vi vore på langtur på Hardangervidda. Så vi søv lenge, et vafler med besta og går i eit fakkeltog i Odda.

Mykje vart ikkje slik vi hadde tenkt oss denna ferien. Både på den eine og andre måten.

Men eg vert glad når eg ser korleis denne fryktelige hendinga ser ut til å sveise folk i Norge betre saman. Når eg høyrer om tilstrøyming til politiske parti, håp om rekordstor valdeltaking. At så mange seier ja til menneskeverd og nei til hat.

Og eg gler meg til å komma heim igjen til Vadsø og gå på tur.

5.6.11

Farting langs Varangerfjorden

Utsikt vestover frå fjellet Klubben, mot Varangerbotn

Den siste veka har eg vore mykje ute og farta langs Varangerfjorden. Ein tur utpå Varangerfjorden vart det og i går, i høve eit lystig 40-årslag på krabbesafari. Plussgradene har kome for å bli og endelig kan eg dra utomhus.

Eg bur i Vadsø fordi eg likar å farta langs fjorden. Kjøra fram og tilbake, stoppa, ta bilder, gå ein tur og kjenna meg litt lost. Finna snåle dingsar i fjæra, endå snålare steinar i fjellet og kanskje treffa på nokre snåle folk (men dei fleste køyrer berre forbi i svære bilar). Lura på ka eg gjør her. Prøva å finna eit slags svar på det. Bli tom i håvet. Tissetrengt. Dra heim.

Tomat på trålkuler i Skallelv, eit stykke utover fjorden.


Den siste tida har eg vore på Krampenes, Lille Salttjern, Mortensnes både ein og to gonger, ein kjapp harryhandeltur til Nuorgam, svipptur på Klubben (bilde øverst) og i dag i Skallelv (bilde nederst).

Arvid Sveen er ein fotograf som og har farta ganske mykje rundt i Finnmark, sannsynlegvis meir enn dei aller fleste. Han har gitt ut boka Mytisk landskap, om spesielle stader som var betydningsfulle i samisk tradsjon og religion. Steinar, fjell, vatn og minnesmerker rundt om på Nordkalotten er samla i boka. Det kjekke med desse mytiske stadene er at det gjerne er steinar og fjell som ser litt snåle ut, akkurat som eg likar. Mange av desse stadene er godt innanfor rekkjevidde her i Varanger.


Skattejakt!




30.5.11

Det varte ikkje lenge nei!


Eg har jo egentlig slutta å ta bilder.

MEN! Så skjedde midnatssola, arbeidsløysa, kjensla av at eg kan gjør ka fanden eg vil.

Og ka vil eg då...?

Det ser du på Flickr-sida mi, eller Ingeridbilder, som er den nye nettsida. På den nye sida skal eg prøva å fokusera litt meir på bilder. Her fortset fjaset enn så lenge.

13.5.11

Man har det morsomt nok her i livet

Er det visst noken som meiner, sjøl har eg det ikkje automatisk så innmari morosamt. Men sjå ka som skjer når eg berre anstrenger meg littegranne, kor artig det blir då!

Eg vart så glad då eg fekk denna katalogen i posten at eg malte eit eple til. Og åtta mandlar.


Eplet og to andre bilete er med på utstilling i regi av Hardingpuls.

Her står det og om det, på Hardanger folkemuseum sine sider.



27.3.11

Beach bodz!

Her har eg fått min eigen fitness-profil og greier.

Takkar Hilde (og ser glatt vekk frå at eg har ein durabelig britisk teint på siste bilde)!

Eventuelle sponsorar får bare stilla seg i kø for å seia det slik.

21.3.11

Charter-Hilde

For to veker sidan var eg og Hilde på min (vår?) første charter-tur. Til Gran Canaria! Vi leide ein leilighet på ein veldig rolig liten plass (Puerto Mogan) med lite bråk og lite spenning, mange pensjonistar, VG og 5-mila på storskjerm. Både VG og vintersport er heldigvis frivillig, så vi unngikk det og låg for det meste og drog oss i sola. Det var sol vi ville ha så eg er i alle fall ganske fornøyd.
Men...hadde kanskje håpt at det var litt meir spenning. Vekas høgdepunkt vart å kjøra forbi ein plass som heiter El Risco, og sjøl om skramlebilen vi leigde var litt risco i seg sjøl, var det ikkje heilt...der. Å kjøra seg vill på jakt etter nokre sanddyner i Maspalomas ga heller ikkje noko adrenalinrøsh, bare litt svolt og irritasjon. Playa del Ingles var for det meste bare akkurat sånn som du fryktar og kanskje litt verre, og sjøl om Aloe Vera er flott og fint og sikkert intenst purt og reint fordi det veks her naturleg, er det begrensa kor mykje av det eg klarer å bli overbegeistra for.

Men: maten var god, sola var skinnande og alt var såre enkelt.

Charter-Ingerid gir Gran Canaria terningkast 4 all over!



Her prøver eg å få lika mye kløft som Hilde. DET ER UMULIG! Og eg prøver faktisk alt eg kan skal eg si deg.

*knuge og se naturlig ut*

Noko anna som er umulig er å få lika store biceps som Hilde. Dei har eg av kameratekniske årsaker ikkje bilde av. Men du kan lesa meir om det på vår eminente fitnessblogg Duggfrisk harding, og bilder kjem det vel og etter kvart sant vel Hilde!!!!!???

16.3.11

Arbeidslaus

Denne vetle reven har nok heller ikkje fast inntekt.


I dag sa eg opp jobben min. 1. juli er eg arbeidslaus for første gong på fira år.

Eg vil nemlig ikkje ha noen jobb. Så lite vil eg ha ein jobb akkurat no at eg sa opp verdas beste jobb, på verdas beste galleri, i verdas beste nabolag, rett nok bak verdas kanskje styggaste statsbygg, men det ser vi då ganske lite til dersom vi knip augene hardt igjen.

Galleriet på galgebakken kom som ein skikkelig hjartekompresjon i august 2009. Då var detta huset med det rare i alt eg kunne drøyma om. Eg elska den nye jobben min!

Og framleis er det veldig mykje på galleriet som eg elskar. Men eg vil ikkje lenger ha det som jobb. Eg vil ikkje bruka opp siste rest av entusiasme, forundring og eventyr knytta til detta kaotiske drøymehuset på daglegdagse, slitsame oppgåver. Nei, eg vil beholda ei god kjensle og ein glad tanke om denna plassen. Frustrasjonar rundt ein drittjobb kan eg heller ta ut på ein ordentlig drittjobb, om det blir nødvendig. Eg vil ikkje bruka negativ energi her.

Eg ser fram til ein lang sommarferie og ei kjensle av panikk når pengane tar slutt.

Akkurat no velger eg friheten. Fordi eg kan.


Ser jo fint ut å vera ein rev utan arbeid.

Litografiene er laga av Barbro Tiller.

20.2.11

Halvvegs til målet opp og ned

NED: Det tok meg to veker å komma halvvegs i vektreduksjonen. Altså fire kilo ned på to veker, noe som tyder på at det meste var...ehm...luft? vatn? Noe sånt. Fett forsvinn ikkje så kjapt. Uansett: alle hjerter gleder seg!

Men vi som er gamle i gamet veit jo at det er dei siste kiloene som sitter hardast, så eg reknar med at neste halvpart kjem til å ta adskillig lenger tid. Håpet er at detta målet er nådd til eg skal springa halvmaraton 3. april, men det er faktisk bare....(gulp) fem eller seks veker til. Og ein av dei vekene skal eg væra på Gran Canaria med den andre halvparten av den eksklusive sofaklubben Natural born chillers . I følge guideboka har dei artige tre på Kanariøyene, kanskje eg skal klatra litt i dei.

OPP: Apropos klatring avanserer eg meget sakte men ganske sikkert på klatreurset. Neste veka håper eg å klatra heilt til topps på led (lurer på om det er slik det skrives). Å klatra led vil si at eg klatrer uten topptau, og derfor må sikra meg sjøl på veg oppover ved å festa krokar til veggen. Det er tungt tungt tungt fordi då må eg holda meg med bare ei hånd mens eg fiklar med krok og tau. Men no begynner jo eg å bli lett lett lett. Så suksess er lika om hjørnet sku eg mein.