26.11.06

Det fine med eksamen


(ein slepp å stå opp tidleg dagen etter Maiden-konserten)

1. Eg får lov til å ha tid for meg sjølv. Vanlegvis er det få som trur på meg når eg seier kor utruleg oppteken eg er, men dersom ein nyttar ordet 'eksamen', er dette gangbart i absolutt alle sosiale (og profesjonelle) samanhengar. Ah, eksamen, då er du sjølvsagt unnskyldt.

2. Eg kan ete akkurat kva eg vil når eg vil. Eg har eksamen ergo treng eg energi, trøst og kos på ein gong. Det seier seg jo sjølv. Merk korleis både punkt 1 og 2 har sterke likdomar med svangerskap.

3. Du lœrar faktisk ein heil del av å sitja og lesa utan for mange forstyrringar.

4. Bergensvœret har ikkje lenger noko sœrleg innverknad på humøret mitt. Fint her inne.

5. Du har for ei skakka stund funne meininga med livet. I mitt tilfelle er det uregelmessig bøying av maskuliner i Genetiv pluralis. YOU GO YO!


Forresten, kjœre Bergens Tidende, send nokon med god hørsel neste gang de skal anmelda ein konsert. Lyden i Veslandhallen er IKKJE spesielt god. Ugh!
Det var vanvittig kult, men skulle ønska eg kunne ha fått ein litt bedre plassering, klemstra opp til et gjerde som likavel var 30 m fra scena (wtf??) var ikkje noe sœrlig behagelig.



Up the Irons!

20.11.06

Fug

Hilde, eg takkar deg.

Alle som likar å sjå kjente fjes i fœle klœr, og få ein velskrive argumentasjon på koffor dette er så fœlt, gå hit: GoFugYourself!

19.11.06

Nisserapport!

Tilbake, med lommene vrengt og ingen nisse.

Men med masse flotte bilder og ein ny motivasjon for å lœra tysk, det e jo så utrulig vittig å høyra på, livet må vera fint dersom ein kan gå rundt og sei ting med z og harde konsonantar og få akkurat det samme tilbake! Og me har endeleg sett kor hot Wenche Myhre er:



Dag ein:
Ego har ikkje sove i det heile tatt, muligens som følger av stort sjokoladeinntak dagen før. Eg tar med meg den stygge paraplyen min og går til busstoppen. Det regnar og bles så mykje at eg ikkje klarar å manøvrere paraplyen med berre ein hand, den andre er okkupert av ein koffert som gjerne vil dette frå kvarandre. Derfor ventar eg klissblaut på flybussen i 25 minutt. Busskuret er sett opp slik at det gjev minst mogleg ly for vinden, og regnet, som såpass nœre Puddefjorden er horisontalt.
Fly blabla kjedelig, kommer til Berlin og Mari hentar meg heldigvis på Schoenfeldt, utan det hadde eg nok besvimt eller begynt å grine. Så ho tok meg med heim til leiligheten i Spandau og mata meg og eg fekk lese Vogue og la meg tidleg. Inntrykkene frå fyrste dag er ganske diffuse pga at hjernen var på sparebluss.

Dag to:
Fyrst har Mari speletime, men etter det er det lukt ut i hagen og hente inspirasjon. Her står nemlig hagenissane! Tre stykker under ein slags sopp, hvorpå (nynorsk erstatning anyone) nokon har slengt ei vaskefille som driv og råtnar. HOT!



Vi har sjekka nettet for gartenzwerge, garten und haus, haus und garten. Ikkje så enkelt, men vi prøver eit stort hagesenter litt innover mot byen. Her har dei alt hagen kan ynskje: nakne grekarar, høns, støvlar og til og med ei ku i keramikk, men berre ein einaste nisse, som var av stein, uten nokre gladar fargar og berre eit teit flir om kjeften. Neste håpefulle utsal viste seg berre selge grasklipparar og arbeidshanskar.

Heilt grusomt!

Me ga opp og sette oss på bussen mot sentrum. Då ser eg plutselig ei raud topphua! Me sleng oss av bussen og finn to nissar saman med julepynt og ein slags muldvarpfigur utanfor ein blumen-butikk. Desverre var nissane lite tiltrekkjande på nœrt hald, og guten inne i butikken hadde nok aldri svinga ein seidel i heile sitt liv, han var alt for ung for det. Eg ville jo ha ein ekte deutsche opplevelse her! Noko var gale, veldig gale. Kvar er våre visjonar om tjukke menn i lederhosen som syng? Kvar er alle nissane? Vi dreg til sentrum og et men eg hugsar ikkje heilt kva eller kor.

Dag tre: Møter gamle klassevenninne og berliner Nadja ved Martin Gropius Bau for å sjå fotoutstilling. Me bare plaprer og følger ikkje med, så husker ingenting av den. Etterpå dreg vi til leiligheita hennar i Mitte, og så rundt om i sånne hippe strok der alle 'kunstnarsjelene' heng. Nadja seier at gartenzwerge er ein trua rase i Berlin, og eg må til min store skuffelse innsjå at landet har vorte postmoderne. Skulle drege til Bavaria (no offense). Mari joine oss for middag på Pasternak, russisk! Fekk noe over min eteevne med masse kjøtt og fett og saus. Etterpå flannerte me og tok eit kakestykke. På cafeen traff me ein tyskar som snakka norsk. Me måtte spørra, han forslo OBI (ein slags husholdningsmonsterkjede) som eit stad å få tak i nisse. Men han lo godt, kåno hans og. Ingen vil liksom tru at det går an å villa ha noko slikt. Tullete tyskarar.

Dag fire:
Vill søking etter OBI på nett hjalp ikkje noko sœrlig, og me stemmer for å la vera å leita meir. Me går mot Spandau, og plutselig ser me ein fin stor nisse i vindauga til ei genuint brun kneipe, Windlicht Cafe. Eg knipser eit bilete, og straks kjem ei lita blond dame med ein slags hockeysveis i strikk og verdas blåaste eyeliner springande ut og seier kom inn kom inn. Me skal jo få fotografere nissen innanfrå!

Vertinne Ela med nisse.

Og her er det meir forståing å hente. Heile lokalet av relativt forsoffne tyske alkisar vert engasjerte i hagenissejakta vår. Men sidan me ikkje kan tysk og dei ikkje engelsk tar det litt tid. Til slutt får me eit brennheitt tips frå ein lettare vaklande mann som kan litt engelsk: Bauhaus-varehuset, på ein busstopp ikkje langt herifrå. Fulle av forventning tek me ein liten pause i Spandau sentrum, der me kjøper currywurst og går på russisk butikk (der eg klarte å kommunisera, men ikkje akkurat briljerte).

Sprit og jesus- veldig russisk!

Så set me oss på bussen og dreg til den stoppen me skal, går av og finn ingenting. Leiting langs ein slags mini-autobahn er ikkje sœrlig kjekt, me tek bussen attende og der! ser me Bauhaus. Av buss, inn på megagigantisk shoppingsenter for hus og hage. Verdas største antiklimaks er ein realitet når me får beskjed om at nissane er utselde. Dei har ein kjempesvœr nisse att, men han kostar om lag 2000 kr og passar ikkje i handbagasjen...

Me gir opp for tredje gang(?) og dreg til sentrum og shoppar. Nissejœvlar!!!

(Neste gang dreg me til aust-Tyskland! (var det feil orddeling og bruk av stor konsonant?))

12.11.06

Har sove i tretten timar, mot gårsdagens fire. Til saman vert det eit sunt gjennomsnitt som burde balansere hudtonen min. Filmfestivalen var for øvrig veldig kjekk, om enn noko slitsom pga losjeringa. Litt sånn 'fred frihet og alt gratis' -tankegang som ein kan like.
No hører eg på russisk radio. Dei spelar Pet Shop Boys, og mykje eg ikkje forstår døyten av. Ved hjelp av nettlesaren Opera klarar eg å høyra på det eg trur eg direktesending av Avtoradio.

Har nettopp gått opp for meg at eg skal vekk i måro, til Berlin og Mari. Det betyr at eg må gå inn til byen og legga inn bilder frå denne festivalen allerede i dag. Det er veldig fint ver her i Bergen i dag, det er tilsalg til hagl og kraftig kuling, orkan over puddefjorden etc. Dette var veldig forvirrande for søndagshåvet mitt. Heldigvis kjem eg jo ikkje til å bli trøtt før rundt to i natt, så eg har god tid.


10.11.06

Osøyri

Då stikk eg til Osøyro for helge, veit ikkje kor komfortabelt det blir der. Er midlertidig sett tilbake til å vere 16 år i Sosialistisk Ungdom på bølle/jente/feminisme/aksjons/års/fylkeskonferanse, der alle søv i ein stor gymsal med ein vask i huset ved sidan av og ikkje eit fnugg av håp om eit minutts stillheit, slik at det går an å sovne. Eg skal på Os filmfestival, og trur det blir ganske mange folk i den gymsalen, og i tillegg er det vel ikkje akkurat alkoholforbud på dette arrangementet. Ei som på verdige Fretheim Hotell, der eg og journalist Ingrid sist helg fekk gallamiddag og dobbeltrom og lunsj og i det heile tatt av snille Dag og Tid. Buhhuuuuuuuu!!!! Studvest er sikkert snille dei og. Men œsj. Gymsal.

Dei bør ha bra filmar og billig øl.

Ellers: var på Tosca i går, det tok av, og det var flott. Litt lite overbevisande at fyrsteelskaren var ein pitteliten tjokkas, og Tosca var ei ganske stor dame. Men men. It's art.


foto: Eirik Brekke, BT

6.11.06

KLIKKE

No jœvlar, no e eg så DRITLEI av å kjøpa paraplyar. Og spesielt lei av å betala for paraplyar som er så dårlige at dei varar i ca. 4 timar. Sjå på detta. Eg kjøpte den klokka 12 i dag. Før fem var den KNEKT, fordi eg var borti bakken eller noe. Lange paraplyar kjem jo neri bakken.

Men hallo. Her er syndaren:

Moral: drit i å kjøpa bruksvarer frå Studia. Dei er best på overprisa kopierte svart/kvitt kompenium frå 1980. Jezz.

2.11.06

MoteStalinAurland

Såda. No har eg endelig fått noen nye motebilder eg tør å visa fram. Va tycks? Laga med Erlend og ei venninna av han som går på sminkeskule (!). Generelt nøgd men det ber litt preg av å berre ha ei ljoskjelde. Det ho har på håvet er ein 'sjapka', eller i alle fall ein etterligning av det. Likte skoene. Likte veldig.

Ellers: vår siste oversetjing til russisk heiter Drømmen om Stalin. Deilig.
I måro skal eg til Aurland på Nynorske Litteraturdager. Det er ein slags jobb. Hurra! Øl og bok!


29.10.06

Bamsekart

Om litt meir enn to veker dreg eg til Berlin på besøk til Mari og skal ha det svinaktig kjekt, forhåpentligvis. Ein veit jo aldri. Ein av hovudgrunnane til at eg trur det vert kjekt (i tillegg til at eg og mari har ganske bra synkronisert søvn-og nœringsinntaksbehov) er at eg har planlagt, i forveien og greier, minst to spanande ting som ein ikkje kan gjere heime. Det fyrste er å ete på Pasternak, ein russisk restaurant som forhåpentligvis har knallmat slik eg hugsar den frå St Petersburg. I tillegg har me no funne ut at me skal leite etter bamsen i Berlin ved hjelp av kartozoologiske verkemiddel. Dvs at me prøvar å finne ein bjørn i bykartet ved å fylgje gatene. No er eg litt usikker på om det finst nokon bjørn i kartet der, men det burde det jo, sidan Berlin er så veldig knytta til dette dyret. Eg kom over denne flotte vitskapen i siste del av Tor Åge Bringsvœrd si bok om London, som eg tilrår alle å lese. Her er han sitt funn i London, merkantil blandingshund.

Noko anna eg har lyst å prøve på, er å få tak i ein skikkelig hagenisse. Eg har vorte råda å reise ut til forstadene av byen, og neimen er det ikkje ein slik stad Mari bur. Då tek eg med meg ein ekstra stor koffert og håpar på det beste.

OBS! Alle som har tips om Berlin, plasser dei her.


Noko heilt anna: Denne dama kom eg over via bloggen til ei amerikansk jente på livejournal. Ho er så vidt eg har forstått politikar og markert abortmotstandar. Ho på biletet altså.

GLAD!


SINT!

26.10.06

Hater formater

Har veldig lyst å høyre på russisk radio over internett. Men det går ikkje. Ingen, absolutt ingen, av dei nokonogtjue stasjonane eg har prøvd, virkar. Eg har lasta ned det meste som finst, Windows player, Realplayer, Quicktime, og i tilleg er det nokon som opnar i iTunes og, men ingenting virkar. Jo, dei som opnar i iTunes virkar pittelitt, på ein svœrt amputert måte. Slik at eg kan høyre ti sekunder av radio, så vente tjue sekunder mens den bufferer, og så ti sekunder til. Er alt detta bare fordi eg har mac, eller er det noe anna? Nei, det er det nemlig ikkje ein kjeft som kan hjelpa meg med, for det er ingen på denne jord som kan noko om mac- og deler kunnskapen sin gratis.

Har hatt liknande problem med norske media på nett, spesielt med teve, og TV2 STINKER! FY! Dei innrømmer at dersopm du har mac er nett-tv'en deira berre i møkkaoppløysing, og at fjernkontrollen ikkje verkar. Neimen, for eit innmari bra tilbod då! Trur jaggu eg skal betala pengar for det.


Men..veldig frustrerande. Er det nokon andre som har mac og som høyrer på utanlandske kanalar?

Bortsett frå det er eg skitlei av å høyra om han der Roar Brekke. Eg synst han er eit fjols, og det er i høgda verdt 10 kroner å sjå han...evt for å
sleppe å sjå han, hvis du er ekstra hissig innstilt. Eg er ikkje det, det berre irriterer meg at noko som er så middelmådig får så mykje totalt ureflektert og positiv omtale. Hallo?! Har eg gått glipp av noko her, eller har bare samtlige journalistar i Bergen og omegn verdas mest patetiske form for humor?


I neste nummer av AKA skal eg skrive ein artikkel om post-mortem fotografi. Like før og rundt 1900 spesielt var det svœrt populœrt å fotografere sine avdøde, spesielt dersom ein ikkje hadde bileter av dei frå før av. Derfor er flesteparten på dei gjenlevande (...) fotografia spedbarn. Resultatet vert i våre auger eit slags Addams Family stillbilde, men i samtida var det ein heilt normal ting å gjere, og det gav sikkert dei pårørande eit slags substitutt for tapet deira.

24.10.06

Skjeggedal



Detta er alt eg kan finna på nett som er avbildingar av den eldste vegen frå Tyssedal til Skjeggedal, Sjoarvegen. Det finst fleire bilete, som det er litt meir folk på, som står og poserer på eit eller anna panoramavenleg parti av vegen, som ellers var veldig vanskelig og farleg å gå. Inntil 1904 då den nye ridevegen på sørsida av elva stod ferdig, var dette den einaste vegen til Skjeggedal, som både gardsfolk og turistar måtte nytta (turistane kom langt for å sjå Tyssestrengane og Ringedalsfossen, som var attraksjon nummer ein i distriktet på den tida).



Sjøl har eg vert på nokre få parti av vegen, mellom anna omtrent der bilete nr 2 er teke. Vegen er nokre stader heilt forsvunne og andre igjen lite gjestmild. Rett før tunnelen på den noverande vegen kan du på venstre side kravla deg opp nokre steg som er slått inni steinen og komme opp på ei glenne. Fra der kan du gå eit godt stykke nerøve mot Tyssedal på Sjoarvegen, og nogle av partiene er direkte smukke at skue.


Men det er altså på denne vegen eg skal prøve å gjenskape nokre av dei gamle bileta eg har sett. Med samtidige modellar, vel og merke. Det er sikkert mangen av dåkke som har sett det gamle prosjektet mitt om vampyren i Odda, og eg tenker dette vert ikkje heilt ulikt, berre litt meir kitsch og farger. Begge går uansett ut på å plassera figurar og objekt utanfrå inn i eit eksisterande miljø. Og det kan jo bli litt kjekt.




Dei to fyrste bileta er henta frå Knud Knudsen-samlinga på Universitetsbiblioteket i Bergen.