16.3.11

Arbeidslaus

Denne vetle reven har nok heller ikkje fast inntekt.


I dag sa eg opp jobben min. 1. juli er eg arbeidslaus for første gong på fira år.

Eg vil nemlig ikkje ha noen jobb. Så lite vil eg ha ein jobb akkurat no at eg sa opp verdas beste jobb, på verdas beste galleri, i verdas beste nabolag, rett nok bak verdas kanskje styggaste statsbygg, men det ser vi då ganske lite til dersom vi knip augene hardt igjen.

Galleriet på galgebakken kom som ein skikkelig hjartekompresjon i august 2009. Då var detta huset med det rare i alt eg kunne drøyma om. Eg elska den nye jobben min!

Og framleis er det veldig mykje på galleriet som eg elskar. Men eg vil ikkje lenger ha det som jobb. Eg vil ikkje bruka opp siste rest av entusiasme, forundring og eventyr knytta til detta kaotiske drøymehuset på daglegdagse, slitsame oppgåver. Nei, eg vil beholda ei god kjensle og ein glad tanke om denna plassen. Frustrasjonar rundt ein drittjobb kan eg heller ta ut på ein ordentlig drittjobb, om det blir nødvendig. Eg vil ikkje bruka negativ energi her.

Eg ser fram til ein lang sommarferie og ei kjensle av panikk når pengane tar slutt.

Akkurat no velger eg friheten. Fordi eg kan.


Ser jo fint ut å vera ein rev utan arbeid.

Litografiene er laga av Barbro Tiller.

20.2.11

Halvvegs til målet opp og ned

NED: Det tok meg to veker å komma halvvegs i vektreduksjonen. Altså fire kilo ned på to veker, noe som tyder på at det meste var...ehm...luft? vatn? Noe sånt. Fett forsvinn ikkje så kjapt. Uansett: alle hjerter gleder seg!

Men vi som er gamle i gamet veit jo at det er dei siste kiloene som sitter hardast, så eg reknar med at neste halvpart kjem til å ta adskillig lenger tid. Håpet er at detta målet er nådd til eg skal springa halvmaraton 3. april, men det er faktisk bare....(gulp) fem eller seks veker til. Og ein av dei vekene skal eg væra på Gran Canaria med den andre halvparten av den eksklusive sofaklubben Natural born chillers . I følge guideboka har dei artige tre på Kanariøyene, kanskje eg skal klatra litt i dei.

OPP: Apropos klatring avanserer eg meget sakte men ganske sikkert på klatreurset. Neste veka håper eg å klatra heilt til topps på led (lurer på om det er slik det skrives). Å klatra led vil si at eg klatrer uten topptau, og derfor må sikra meg sjøl på veg oppover ved å festa krokar til veggen. Det er tungt tungt tungt fordi då må eg holda meg med bare ei hånd mens eg fiklar med krok og tau. Men no begynner jo eg å bli lett lett lett. Så suksess er lika om hjørnet sku eg mein.

6.2.11

Lys i ishusan

I helga var eg i Hammerfest og såg på åpning av installasjonen Still Life: eit fråflytta gjenreisningshus som har blitt murt inne i is. Huset står i Hanselv i Kvalsund kommune, ein knapp halvtime (på vinterveg) frå Hammerfest.

Bildet er lånt frå koro.no


Mange folk har jobba hardt og lenge med å få detta til, og det er ein imponerande arbeid dei har gjort. No skal huset stå der opplyst medan isen smeltar utover våren. Hensikten med og tankane bak prosjektet kan du og lesa om på linken over, men har du sjansen bør du heller ta deg turen og sjå, det ser verkeleg bra ut. I tillegg er det utstillingar på gjenreisingsmuseet som er tilknytta installasjonen i Hanselv.

Prosjektet var støtta av Kunst i Offentlig rom, og kunstnarmiljøet i Bergen og på Voss var sterkt representerte. Som på alle andre småplassar, min opprinnelige inkludert, er det ein tendens at innbyggjarane misliker at folk utanfrå kjem og skal gjera noko, meina noko om eins eigen stad. På meg verka det som dei hammerfestværingane eg møtte var glade for det som skjedde og synst det var spanande. At det som skjedde tilpassa seg dei, og ikkje var fjernt og lausrive frå historien deira. Eksempler på det siste er det mange av, men her håpar og trur eg kunstnarane lukkast i å nå fram med kunsten sin. At han som stod bak prosjektet opprinneleg kjem frå Hammefest har sikkert noko å seia, men ein må og vera ganske dyktig for å få til eit slikt sværa prosjekt, på lag med folk der det skal skje.

Huset inne i isen vart veldig flott og eg håper mange får glede av detta verket som er så godt, først fordi det er så rart. Og aller best er det uten så alt for mykje tekst lest på forhånd, kanskje nokre stikkord kan hjelpa, som "gjenreisning", "sjøsamisk" og "fornorsking", men ishuset treng absolutt ikkje forklarast i hjel. Det står jo der og ser ikkje ut som noko anna du har sett. Då kanskje stoppar du og ser litt nærmare på det. Gjør du det, tenker du kanskje nokre tankar. Ein opplevelse får du i alle fall.

Hammerfest er ein fin plass, eg likar husene og at sentrum er stappa saman mellom knausane. Ica har økologisk peanøttsmør og eg har fått bli med i Isbjørnklubben. Ordføraren spanderte livsvarig medlemsskap på oss, det var kjekke saker.

3.2.11

Og ka lære vi av detta???

Årets opplæring: Tegnekurs, skikurs, klatrekurs, grafikkurs, malekurs, nok eit grafikkurs og noen nusselige studiepoeng innan kunsthistorie. Meir kjem, trur eg.

Så langt har eg lært at det er lurt å bruka viskelær når ein teiknar, at eg har et enormt potensiale på skiteknikk og at ansgetn for klatring blir litt mindre for kvar gong eg er oppe i veggen og faktisk ikkje dør (rart!!). Dessuten er det kjekt å detta, for det er litt som å væra på Tusenfryd. Eg slepp alt eg klamra meg så febrilsk til og er i fritt fall. Wiiiiiiii, liksom. Før selen fangar meg opp og eg bare heng og svever litt. I noen sekunder er det akkurat som om eg er lett som ei fjær og ikkje tung som ei Ingerid.

Det er ein veldig fin følelse som eg skal kjenna på igjen i dag, og som eg trur eg kan bli fullstendig avhengig av.

30.1.11

Meir å tegna

I går drakk eg opp gin-flasko og shotta seks vodka.

I dag sprang eg seks kilometer og var på tegnekurs. MED godt humør.

Foto: Kirsti Riesto

Bortsett fra at det ikkje er kurs lenger, vår lærar Igor måtte nemlig dra i all hui og hast (uvisst av hvilken grunn) tilbake til Ukraina, så vi gjorde ferdig stillebenet uten kyndig veiledning. Eg ser då rimelig fornøyd ut med mitt verk, gjør eg ikkje? Godt at bildet er litt ufokusert akkurat på arket.

Eg likar jo så godt å tegna. Det hadde eg glømt, men no husker eg det. Heile barndommen min var ein einaste stor tegning. Mest av rosa hestar med kruna på håvet, seinare alvar, tegneseriar, akt og portretter. Og så glømte eg visst alt sammen. Men no huskar eg litt. No skal eg finna meg meir å tegna.

Kan eg få tegna deg?

27.1.11

Den lange veien NED

- Det er så sinnsykt mye lettere å la være å legge på seg de kiloene, enn å få dem vekk igjen.

Dette sa venninno mi Rikke til meg ein gang for mange år siden då vi budde i England og gjekk på weight watchers, for å få hjelp til å bli kvitt litt britisk overskuddsmasse. Vi hadde vel spist litt for mye Asda Smnart Price chips og drukke litt for mye Asda Smart Price vodka. Og som veldig ofte før så hadde ho rett, den smartingen. Det er lettare å la vær. Og det er lett å huska det sitatet no, etter at ein har latt vær å la vær...

No har kroppsvekta mi auka med over 10% siden mai. Det er ganske mye. Det var ikkje akkurat slik at eg trengte å legga på meg i utgangspunktet, så eg er ikkje glad for vektoppgangen. Håpet er jo at ein eller to av desse kiloane er musklar, og då blir det mindre grusomt å innse sannheten når eg går på vektskåla. Samtidig så er eg unektelig litt for tung for egen komfort akkurat no. Alt blir jo tyngre når ein sjøl blir tyngre. Å springa halvmaraton er enklare når ein ikkje er overvektig. Å persa i knebøy er lettare når ein veier litt mindre. For mi eiga vekt skal jo og løftast, heile tida, i kvardagen, og på trening, heile tida er det ein fordel å vera sterk i forhold til kroppsvekta. For å ikkje snakka om i klatring (grøss!) som eg i alt overmot skal prøva meg på i dag. Sist gang eg klatra var det her:


Det var skummelt. Bildet har eg lånt av Opplev Odda.

Men det var ein digresjon. Poenget er at eg gjerne vil vera sterk i forhold til kroppsvekta mi, slik at eg kan fungera best mulig både i trapper og på fjellveggar. Målet mitt er så langt å heisa meg opp etter armane. Det betyr at eg må vera ofselig sterk, siden eg aldri kjem til å veia spesielt lite. Men akkurat no veier eg faktisk så mykje at det motarbeider meg. Derfor vil eg bli litt mindre. Derfor må eg faktisk begynna å eta litt mindre og annleis enn eg har gjort dei siste månadane.

Hvis noen trur eg skal sulta meg og tella kalorier og trø i meg slankepiller så er det ikkje tanken. Med den metoden vil eg i beste fall mista alt eg har av musklane eg har jobba for og bli eit hespetre av dimensjonar. Eg skal vel heller la vær å eta så innmari mye av feit ost, mandler og sjokolade. Vanskelig nok det, for eit matvrak som meg. Men absolutt ikkje umulig.

Vi er i gang!

19.1.11

Pesshysa svømmer sørover


I anledning Hilde sin bursdag har eg laga denna.

Det er mitt første broderi. Kanskje ikkje mitt siste. Det var ganske koselig å ha noe mindless å putla med.

Apropos putling, så har eg det framleis veldig flott på teiknekurs, eg har og meldt meg på grafikkurs i april og siklar på ei vekes kunstkurs i Kjøllefjord (ja!). Bak i håvet mitt ligg den litt ubekvemme vissheita om at eg har lova å væra med på utstilling ein stad i Hardanger i mai. Det kan bety at eg faktisk må ta eit bilde, sjøl om eg hadde tenkt å slutta med det. Det hjelper på at eg får ramma det inn sjøl. Litt ordentlig arbeid, liksom. Eg har til opg med lært meg å skjæra glass, og sjøl om eg ofte tabber meg på gjennomføringa må eg si at det egentlig er ganske enkelt.

Forresten, om du synst den vetle fisken under teksten ser ut som et helikopter er du ikkje den første.

Pesshysa sjøl må ellers spara litt pengar siden ho i tillegg til alle disse kursene har bestilt charterferie, Hammerfestweekend og Berlintur.

9.1.11

Heimalekser



Igor har gitt oss heimelekser- teikna raske skisser av stilleben. Kjenner at noko veldig sakte begynner å murra, vissheita om at eg ein gong for lenge siden faktisk kunne teikne litt. Vi får no sjp kor det går. Desse skissene legger eg ut for å få hjartelaus kritikk og/eller klapp på skuldra for at eg i alle fall gjør noe på ein søndag. Litt bakfull er eg og, bare så det er sagt, så her har vi dæven meg tatt oss på tak. Eller noe.



Bildene er ikkje heilt fint behandla då eg enno ikkje har somla meg til å få tak i Photoshop på nymaskina.

6.1.11

Foto: over og ut


Då eg var gothpønkar og gjekk på Voss husflidsskule i 1999, byrja eg å fotografera.

Eg var i utganspunktet ganske dårlig til det, i alle fall det tekniske var eit lite mareritt i starten. Lukkartider, blendar, ISO-verdiar, fokuspunkt, brennvidde. Så var det alt det plunderet. Med filmen. Først må ein festa filmen rett i kameraet, spola den fram og så spola den tilbake. Så vardet å få filmen ut av hylsteret og rulla den på spola. Detta måtte ein sjølvsagt gjera i bekmørket. Banna og steika. Grina litt etter nitten feila forsøk å å få filmrullen på spola i det vetle mørke rommet, der det einaste du kan vera takknemlig for er at du ikkje klaustrofobi. Og så få litt klaus likavel akkurat når du har tenkt den tanken. Når du skal til å gi opp glir filmen endelig på plass i spolen og du kan putta den i lystett tank.

Så er det kjemien. Blandingsforhold mellom framkallarveska og vatn. Temperaturar. Tid. Et minutts stillhet. 20 rist. Repeter i x antall minutter. Fixativ, vatn, henging og tørking av film. Om du har gjort alt rett i absolutt alle ledd (inkludert fotograferinga) har du no ei remsa med negativer.
Og så kjem magien: framkalla bilder! Inn i mørkerommet, setta negativet i framkallaren, stilla skarpt, belysa fotopapiret, legga i framkallarvæska. Eter noen sekunder ser du mørke felt komma fram, bli til eit bilde nede i baljen. Gnikker for å få fram det mørke. Belysa prøve etter prøve etter prøve, triksa med tida for å finna det perfekte forholdet mellom lyse og mørke tonar. Belysa ekstra dei lyse partiene. Endå litt til. Gnikka meir. Det kan ta ganske mange timar før bildet er som det skal vera. Vi pleide å vera på skulen frå åtta om morgonen til ni om kvelden på langåpne dagar. Når eg kom ut om kvelden hadde eg som regel ikkje spist på ti timar, men i stedet pusta inn litervis med kjemikalier, kanskje fått eit eller to OK fotografier opp på tørkesnora, og sjangla i lykkelig fixativ-rus heim på hybelen der eg nesten alltid spiste skjeva med gulost til kvelds.

Detta var svart-kvittfotografi.

I England fekk eg smaken på fargefotografering. Fargemørkerom er litt mindre hands-on, sidan kjemikaliene er vel heftige å dyppa fingrane i eller inhalera i større mengder. Derfor matar ein dei belyste arkene inn i ei maskin. Men den manuelle følelsen er sterkt til stede. Du må væra skarp i blikket, stø på hånda og ha eit veldig sikkert fargesyn. Tålmodighet er og ein fordel, men eg har faktisk overlevd uten (skjønt grapsa ein god del fotoark i rein frustrasjon).

Når eg flytta til Norge igjen etter endt studering var det slutt på tilgang til mørkerom. Eg måtte faktisk bli digital. Æsj. Dei analoge filmane eg fortsatt produserte måtte eg overlata til andre folk for å få sjå resultatet av. Andre folk som fikk tafsa på mine filmrullar, mens eg måtte ta til takke med å klikka på ei datamaskin. Siden det har eg vært ganske snurt over å bli fratatt muligheten til å grisla med kjemikalier. Prosessen blei for enkel. Enklare prosess betyr meir fokus på motivet, bedre bilder, lettare, billegare, kjappare. Men eg sakna håndverket. Samtidig begynte eg å jobba meir på oppdrag. Snart begynte eg å ta bilder for avisene eg etter kvart jobba i. Bildene eg tok blei meir og meir samlebånd, uinspirerte, oppstilte, rett og slett dårlige. Eg blei gørr lei av å ta bilder, og er det enno. Dette har eg forsøkt å skjula, men det er ingen vei tilbake:
eg heiter Ingerid og eg er ein avdanka fotograf.

Det siste året har eg virkelig prøvd å bli glad i å ta bilder igjen, prøvd ganske mye. I fjor kjøpte eg meg endelig eit nytt kamera med fint lyssterkt objektiv, virkelig investert i min eigen fotoglede, som eg trudde låg og ulma inni meg ein plass. Tok mange fine bilder, såg mange fine bilder, drog på inspirasjonstur til Berlin, holdt fotokurs to gonger. Alt detta var fantastisk artig, men
eg fant ikkje tilbake. Motviljen rykkar i meg kvar gong eg ser eit speilreflekskamera.

Eg er drit lei av fotografi.

Derfor sluttar eg med det NO.

Og når ein ting tar slutt begynner mange nye. I dag har eg vært på tegnekurs med han Igor.


Forresten: Når eg seier drit lei av fotografi meiner eg drit lei av å
ta fotografi. Å se på bilder er stas, no og då og alltid.



2.1.11

7 kilometer utan åndenød og krampe



Har testa løps"formen" i dag, og landa på ca. 7 kilometer. Då begynte eg å bli stiv i beina og gørrlei tredemøllo. Det er veldig, veldig låkt å springa på mølla, og når spelelisto på iPod´en var tom, nærma det seg omtrent så uaktuelt som det blir. Derfor stoppa eg, etter 7 kilometer på 47 minutt. Held eg den farta tre gonger så langt gjennomfører eg halvmaratonet på 2 timar og 21 minutt. Ei relativt middelmådig tid, men ikkje katastrofalt dårlig. Målet er (i prioritert rekkefølge):

a) Å gjenomføra..
b) ...utan å pissa i bukso underveis..
c) ...på under 2 timar og 15 minutt!

Det lar seg gjøra. Fem kilo ekstra flabbadabbaflabba frå juleribba stikk kanskje av innan 3. april? Lettare å springa uten så mye bagasje.

Motivasjonen kjem dundrande no som målet er innan sikte. No gler eg meg bare til å sjå Berlin frå joggeskoene, forhåpentligvis utan sprengblæra.